English version of this page

Undervegs

Informasjon for doktorgradskandidater og veiledere. Her finn du kva du treng å vita undervegs i prosessen.

Les meir om

Opplæringsdelen

Opplæringsdelen i ph.d.-programmet omfattar fire obligatoriske emne og inkluderer førelesingar og studentaktivitetar.

Annum

Stipendiaten disponerer eit annum fastsett av styret (per nå 25 000 kroner per år) til materiell, bøker, reiser eller liknande i samband med forskingsarbeid og publisering av dette. Reglane for annum er utdjupa i personalreglement for stipendiatar.

 

Midtvegsseminaret

Midtveisseminaret er en valgfri milepæl som kommer i tillegg til PhD kollokvium. I midtveisseminaret presenterer kandidaten avhandlingsarbeidet i eit ope seminar. Presentasjonen bør ideelt sett haldast i tredje semester, og romme:

  • Beskriving av forskingsprosjektet, forskingsspørsmål og metodeval.
  • Beskriving av det som er oppnådd så langt i prosjektet.
  • Ein oppdatert framdriftsplan for forskingsprosjektet med tidfesta delmål, samt ei vurdering av kva for punkt i planen som tidsmessig kan bli dei mest kritiske.
  • Ei sannsynleggjering av at arbeidet vil bli fullført som (no) planlagt, til rett tid.

Kandidaten innleiar med å presentere arbeidet (ca. 20 minutt). Deretter vert arbeidet diskutert av ein/to opponentar (interne/eksterne opponentar). Kommentatortida er stipulert til ca. 20 min. Til slutt får dei andre deltakarane på seminaret høve til å stille spørsmål til kandidaten.

Rettleiar leiar seminaret. Elles deltek kandidat, opponentar og andre rettleiarar. Utover dette er seminaret ope for alle interesserte.

Kandidaten skal sende ut eit skriftleg underlag til presentasjonen 2 veker før seminardato. Underlaget skal innehalde ei oversikt over heile avhandlingsarbeidet så langt, inkludert dei sentrale forskingsspørsmåla, teoretisk rammeverk og metodologi. Underlaget skal også innehalde ein plan for det arbeidet som står att.

Progresjonsrapportering

Alle studentar med opptak på ph.d.-programmet ved AHO må fylle ut ein ISP (individuell studieplan) kvart år. Einaste unntak er kandidatar som har fått stadfesta disputas eller er i langvarig sjukmelding/permisjon.

Forskingsadministrasjonen og leiar av ph.d.-programmet sender ut påminning før kvar rapportering. ISP-en er delt inn i tre delar. Del 1 og 2 vert rekna som offentlege og vert brukt til å halde skulen oppdatert på innhald, aktivitetsplan og publikasjonar i prosjektet, samt fullførte kurs. Del 3 er rekna som konfidensiell og vil ikkje bli offentleggjort. Den tredje delen skal fyllast ut av rettleiar, i samarbeid med kandidaten.

Den oppdaterte ISP-en skal leverast til forskingsadministrasjonen kvart år innan oppgitt frist. Som oppfølging vert kandidatane inviterte til ein samtale på 25 minutt med leiaren og koordinatoren for ph.d.-programmet. PhD programstyret vil bli orientert om progresjonsrapporteringa minimum ein gong i året.

Fråvær og forlenging av periode

Godkjent fråvær kan gi forlenging av stipendiatperioden. Sjå AHOs personalreglement, ​for kva som er godkjent fråvær.

Godkjenning av ECTS-studiepoeng

Gjennom doktorgraden skal du gjennomføre 30 studiepoeng. Dei obligatoriske emna i opplæringsdelen utgjer til saman 18 studiepoeng. Desse omfattar førsteårsemna Apparatus Reading og Designing Research Methods, i tillegg til dei to emna Apparatus Writing og Apparatus Framing, som blir tekne i det andre eller tredje studieåret. Dei obligatoriske emna er automatisk godkjende, og du treng derfor ikkje å søkje om godkjenning for desse.

I tillegg til dei obligatoriske 18 studiepoenga må du få godkjent aktivitetar tilsvarande 12 studiepoeng, slik at den samla opplæringsdelen utgjer 30 studiepoeng. Det er ph.d.-programstyret som godkjenner ECTS-studiepoeng. Du kan søkje om godkjenning av studiepoeng for desse aktivitetane:

  • Høgare instituttseminarpresentasjonar ved AHO (inntil 2 ECTS)
  • Eksterne emne tilpassa det individuelle studiefeltet, tekne ved til dømes nasjonale eller internasjonale forskarskular
  • Ph.d.-emne eller spesialtilpassa samarbeidskurs med AHO sine masterprogram
  • Forskingsformidling

    Sjå søknadsskjemaet for døme på kva som kan reknast som forskingsformidling. Eitt studiepoeng skal tilsvare om lag 25–30 timar arbeid.

Slik søkjer du om godkjenning
- Søknadsskjema må fyllast ut av kandidaten og signerast av hovudrettleiaren.
- Bruk eitt søknadsskjema for kvar aktivitet.
- Dokumentasjon for kvar aktivitet må leggjast ved rett søknadsskjema og sendast inn som éi samla PDF-fil til ph.d.-koordinator.

Døme:

Dersom du ønskjer å søkje om fem ulike aktivitetar, skal du sende inn fem PDF-dokument. Verken fleire eller færre.

Døme på dokumentasjon:

  • Skjermbilete og lenkje til ei nettside der namnet ditt står oppført.
  • Program eller oversikt der namnet ditt er oppført.
  • Anna dokumentasjon som stadfestar deltakinga eller aktiviteten.

Kandidatar er sjølve ansvarlege for å halde oversikt over godkjende studiepoeng og ta vare på all relevant dokumentasjon, inkludert bekreftingar på godkjende studiepoeng frå programstyret formidla via ph.d.-koordinator. Ettersom det berre kan registrerast avgrensa informasjon for kvar studiepoengregistrering, vil slik dokumentasjon gjere det enklare å identifisere og dokumentere godkjende aktivitetar på eit seinare tidspunkt, dersom det skulle vere nødvendig.

Søknadsskjema for godkjenning av ECTS-studiepoeng (PDF).