Oppnemning av rettleiar
Programstyret PhD skal nemne opp ein hovudrettleiar for alle ph.d.-kandidatar. Den føreslåtte hovudrettleiaren må ha sagt seg villig til å ta på seg oppdraget på førehand. Hovudrettleiaren har det primære ansvaret for den faglege oppfølginga av kandidaten, og skal normalt være fast tilsett i vitskapeleg stilling ved AHO.
I spesielle tilfelle kan ein ekstern hovudrettleiar nemnast opp. AHO dekkjer då honorar innanfor eit gitt timetal fastsett av programstyret. AHO dekkjer ikkje reiseutgifter i samband med rettleiing.
Ph.d.-kandidatane har rett til rettleiing av ein eller fleire medrettleiarar. Timetalet er fastsett av programstyret. Medrettleiarar vert oppnemnde av programstyret på grunnlag av forslag frå ph.d.-kandidaten i samråd med hovudrettleiaren. Ein grunngjeven søknad med CV må leverast.
AHO tilrår at alle ph.d.-kandidatar har minst to rettleiarar. Om mogleg bør det skipast til eit felles møte mellom ph.d.-kandidaten og begge/alle rettleiarane minst ein gong i året.
Alle rettleiarar skal ha doktorgrad eller tilsvarande forskingskompetanse. I særskilte tilfelle kan ein ved oppnemning av medrettleiar leggja større vekt på spesialisert, fagspesifikk kompetanse.
Krav til rettleiarar
Hovudrettleiar må ha doktorgrad, vere tilsett ved AHO og ha rettleidd minst éin kandidat gjennom programmet til fullført disputas.
Har ein aldri rettleidd før, må ein først vere birettleiar for ein kandidat og følgje denne gjennom programmet før ein kan bli hovudrettleiar.
Innhaldet i rettleiinga
Ved opptak skal det for alle ph.d.-kandidatar gjennomførast eit møte mellom hovudrettleiaren, kandidaten og leiaren for ph.d.-programmet for å avklare ansvarstilhøve, forventningar og gjensidige plikter.
Ph.d-kandidaten og hovudrettleiaren skal møtast regelmessig, men hyppigheita kan variere etter prosjekttype og stadiet i prosessen. Omfanget av rettleiinga er spesifisert til eit minstetal av programstyret. For ekstern rettleiing gjeld det maksimale timetalet programstyret fastset ut frå de gjeldande budsjettrammene. Kandidaten og hovudrettleiaren er forplikta til å halde kvarandre kontinuerleg informert om alt som er viktig for gjennomføringa av ph.d.-utdanninga og rettleiinga. Partane skal aktivt følgje opp forhold som kan medføre fare for at rettleiinga ikkje blir gjennomført.
Rettleiaren skal blant anna
- Hjelpe kandidaten med faglege råd og praktisk planlegging av arbeidet, slik at prosjektet kan bli gjennomført innanfor rammene av ph.d.-utdanninga og innanfor stipendiats- eller kontraktperioden.
- Gje råd om formulering og avgrensing i tema og problemstilling
- Gje hjelp til orientering i faglitteratur og datagrunnlag (bibliotek, arkiv etc.)
- Halde seg orientert om framdrifta i arbeidet til kandidaten og vurdere framdrifta i forhold til arbeidsplanen
- Ta initiativ til å diskutere korleis rettleiinga fungerer med kandidaten
- Gje kandidaten rettleiing i forskingsetiske spørsmål knytt til avhandlinga, inkludert å vurdere om det er naudsynt å melde prosjektet inn til Personvernombodet for forsking (NSD)
- Gje kandidaten rom for sjølvstendig forskingsinnsats der rettleiaren og kandidaten deltek i det same forskingsprosjektet
Ph.d.-kandidaten skal blant anna
- Planleggje arbeidet slik at prosjektet kan gjennomførast innanfor rammene av ph.d.-utdanninga og innanfor stipendiats- eller kontraktperioden og i tilfelle avvik diskutere dette med rettleiaren
- Etterleve forskingsetiske prinsipp som gjelder for fagområdet
Rettleiaren bør bidra til at kandidaten inngår i et aktivt forskingsmiljø. God integrering i eit relevant vitskapleg miljø og i nasjonale og internasjonale nettverk er ein vesentleg del av forskaropplæringa og vil kunne styrke og utvide kandidatens yrkesutsikter i inn- og utland.
Prosess for byte av hovudrettleiar
Følgjande retningslinjer klargjer informasjon om byte av hovudrettleiar i AHO sitt regelverk for ph.d.-studiar:
Regulations for the degree philosophiae doctor
AHO sitt regelverk slår fast at både kandidaten og rettleiaren kan be AHO om å oppnemne ein ny rettleiar, og at ansvaret som hovudrettleiar blir overført på tidspunktet for oppnemninga.
Prosess
Førespurnader om byte av rettleiar skal rettast til instituttleiar med personalansvar for både kandidaten og rettleiaren.
Før ei førespurnad om byte blir sendt, må følgjande vere gjennomført:
Dersom førespurnaden kjem frå kandidaten: Kandidaten skal først ha kontakta programleiaren for å drøfte den aktuelle problemstillinga. Programleiaren skal deretter orientere instituttleiaren om bakgrunnen for førespurnaden.
Dersom førespurnaden kjem frå rettleiaren: Rettleiaren skal først ha drøfta saka med instituttleiaren. Instituttleiaren skal deretter orientere programleiaren om bakgrunnen for førespurnaden.
Når førespurnaden er sendt, skal instituttleiaren utarbeide ei saksframstilling til ph.d.-programstyret som stadfestar:
Grunngjevinga for førespurnaden om byte av hovudrettleiar.
Namnet på den føreslåtte nye hovudrettleiaren, med stadfesting på at vedkomande er villig til å ta oppgåva og har kapasitet til det.
Dato for endringa.
Byte av hovudrettleiar blir handsama i ordinære møte i ph.d.-programstyret.