fbpx Ph.d.-avtalen | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Språk

Ph.d.-avtalen

Ved opptak skal skriftleg avtale fyllast ut og signerast av kandidat, rettleiar og AHO.

Opptaksavtalen er utarbeidd på grunnlag av Veiledende retningslinjer for graden philosopiae doctor (ph.d.) tilrådd av Universitets- og høgskolerådet (UHR) 29.04.11 (revidert 29.01.15) og erstattar tilsvarande avtale frå 2004. Føremålet med avtalen er å supplere AHO sitt vedtak om opptak til ph.d.-utdanninga. Målet er at forpliktande avtalar mellom partane skal medverke til å sikre at kandidatar som vert tekne opp til ph.d.-utdanning har arbeidsvilkår som gjer det mogleg å gjennomføre innan avtalt tid.
 
Avtaleverket er utforma i samsvar med dei lovene og forskriftene som omfattar ph.d.-utdanninga, sjå lov om universitet og høgskolar (Universitets- og høgskolelova) av 2005 med forskrifter, særleg forskrift om tilsetjingsvilkår for stillingar som postdoktor, stipendiat, vitskapleg assistent og spesialistkandidat, fastsett av Kunnskapsdepartementet 31.01.06, og dessutan dei utfyllande føresegnene som gjeld til kvar tid. Vidare byggjer avtalen på anna lov- og regelverk, som tenestemannslova med forskrifter, forvaltningslova, åndsverkslova og patentlova, og i tillegg nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) og UHRs rettleiande retningslinjer for ph.d.-graden og for kreditering av vitskaplege publikasjonar til institusjonar.
 
Avtalen tek sikte på å omtale og regulere dei viktigaste sidene ved ph.d.-utdanninga. Avtalen består av tre delar:
 
Del A, Generell del, skal fyllast ut for alle kandidatar som er tekne opp til ei ph.d.-utdanning. Avtalepartar i del A er ph.d.-kandidat, ansvarleg ved AHO og institutt.
 
Del B, Avtale om fagleg rettleiing i ph.d.-utdanninga, skal fyllast ut for alle kandidatar som er tekne opp. Avtalepartar i del B er ph.d.-kandidat, rettleiar(ar) og institutt. Del B i avtalen vert inngått for alle rettleiartilhøva.
 
Del C, Avtale mellom ekstern part og AHO om gjennomføring av ph.d.- utdanning, vert fylt ut for dei kandidatane som har ekstern finansiering og/eller arbeidsplass.
 
For nærings-ph.d. skal det i tillegg opprettast ein særskilt samarbeidsavtale, jf. retningslinjer frå Noregs forskingsråd. Dersom ein kandidat er knytt til to eller fleire institusjonar, skal det opprettast avtale for kvar av dei eksterne partane.