Kontakt fagfolka:
Anders Ese, førsteamanuensis, Institutt for urbanisme og landskapsarkitektur ved AHO.
Lone Sjøli, universitetslektor, Institutt for arkitektur ved AHO
Sjøli og Ese er kursledere for masterkurset Post Growth i Sápmi.

SAMENES NASJONALDAG: 6. februar feirar vi Sámi álbmotbeaivi, den samiske nasjonaldagen. Dette er ei feiring av samisk samhald, kultur og politikk for alle samar på tvers av statsgrenser.
Dagen er også ei viktig påminning til oss alle om kampen samar har stått i, og framleis står i, som eit urfolk og minoritet her i Noreg; mot fornorsking, diskriminering, rasisme og arealtap.
Vi har det siste året halde masterkurset Post Growth i Sápmi for studentar i arkitektur og landskapsarkitektur. I fjor haust på Várnjárga (Varangerhalvøya), og denne våren i Gouvdageaidnu (Kautokeino).
I Gouvdageaidnu jobbar vi saman med UIT Norges arktiske universitet og Sámi Allaskuvla, den Samiske høgskulen.
I kurset lærer studentane om og frå samiske måtar å tenkje på. Dei studerer mellom anna det å vere i og å virke saman med landskap og stad, og tradisjonar for byggeskikk og bruk.
Les også: Landskapene i Vardø blir varmere. Likevel består fortellingene om den kalde, arktiske byen

Kampen for samiske område og levesett
Samiske kulturelle uttrykk skil seg på mange måtar frå dei europeiske tradisjonane som arkitektur- og urbanismeutdanninga i Noreg byggjer på. Dei står ofte som ei motvekt til den noverande vekstorienterte, ressurskrevjande måten å drive faga våre på.
Med store klimaendringar vil landskapa og samfunna våre endre seg, og måten vi jobbar med arkitektur, stad og landskap vil òg måtte endre seg. Skal vi kunne utdanne arkitektar og planleggjarar i Noreg er det viktig at undervisinga eksponerer studentane våre for samisk kultur, byggeskikk, og landskapsbruk.
Gjennom undervisinga problematiserer vi òg rolla til arkitektar og planleggjarar i utbygginga av Sápmi. Planlegging, arkitektur og infrastruktur har vore ein del av koloniseringa av samiske område – og er framleis særs problematisk i mange tilfelle.
Gruvedrift langs Finnmarkskysten gjer ende på kulturhistoriske og heilage landområde, vindmølleparkar ruvar langs vandrerutene til reinen, nasjonalparkar og vernesoner gjer det umogleg for folk å drive skjøtsel av landskapet, og offentlege samiske bygg vert framleis teikna med overflatisk kunne om samisk kultur.
Kampen for samiske område og levesett er stadig ei tapssak. I statlege føringar vert rikspolitisk sikkerheit og sokalla grøn omstilling halde fram som det aller viktigaste i arealkonfliktar i Sápmi.
Styrker kunnskapen om det samiske
Målet med kurset er å gi Oslo-studentane ei forståing for at landet vårt ikkje er «én nasjon», men eit samansett land.
Når kunnskapen om samisk samfunnspolitikk står svakt i storsamfunnet er det ikkje alltid at arkitektar og planleggjarar forstår det djupt problematiske og nykolonielle ved slike prosjekt. Då er det viktig at utdanninga deira framhevar dette.
Vi er opptekne av at kunnskap om det samiske skal få meir plass, både i undervising og forsking. I tillegg til masterkurset vårt er det fleire doktorgradsstipendiatar ved AHO som tek opp tema knytt til samisk kultur, offentleg kunst, og landskapspraksisar.
Fleire forskingsprosjekt ved AHO dreier seg om areal- og landskapsutfordringar i dei nordlege delane av Sápmi, og gjennomførast i samskaping med lokale og samiske krefter.
Saman med samarbeidspartnarar i og rundt Sápmi ser vi at det er mykje interesse for desse problemstillingane. Vi vonar at dette berre er byrjinga på AHO si læring av og med det samiske.
Lihkku beivviin – Gratulerer med dagen!
Referanse:
Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO): Post-growth: designing for transitional societies in a climate altered world. Kursbeskrivelse, våren 2026.
Vi vil gjerne høre hva du synes!
Send dine kommentarer og eventuelle spørsmål på e-post til kommunikasjon@aho.no.
.jpeg)