Søkjartal per april 2026
Nasjonale tal
- Totalt har 150 856 søkt høgare utdanning i Noreg. Det er ein auke på 6,2 prosent frå i fjor.
- I 2026 har 92 741 kvinner og 58 115 menn søkt opptak til grunnstudium, med ein kvinneandel på 61,5 % og ein mannsdel på 38,5 %.
Søknader til AHO
(Førstevalsøkjarar i parentes)
- Totalt: 2131 (733)
- Master i arkitektur: 1193 (536)
- Master i design: 568 (141)
- Master i landskapsarkitektur: 370 (56)
Torsdag 23. april 2026 offentleggjorde Samordna opptak årets søkjartal til universitet og høgskular etter søknadsfristen 15. april.
AHO har fått 2131 søknader til dei tre femårige masterprogramma sine i arkitektur, design og landskapsarkitektur. Det er 377 færre enn i fjor, tilsvarande ein nedgang på 15 prosent. Nedgangen gjeld alle dei tre studieprogramma.
Økt konkurranse om studieplassar i landskapsarkitektur
Arkitektur har fått 1193 søknader, ein nedgang på 16 prosent frå i fjor. Av desse har 536 studiet som førstevalet sitt. Det utgjer ein konkurranse på 8,9 søkjarar per studieplass, basert på 60 planlagde plassar.
Master i landskapsarkitektur har fått 370 søknader. 56 søkjarar har studiet som førsteval, noko som gir 2,8 søkjarar per studieplass ved 20 planlagde plassar. Konkurransen er dermed høgare enn i fjor (2,6).
Master i design har fått 568 søknader, 18 prosent færre enn i fjor. 141 har sett studiet øvst på prioriteringslista, og konkurrerer med det mot 4,7 andre søkjarar om studieplassane.
Dei nasjonale tala peikar i hovudsak mot ein nedgang i både søknader og førstevalsøkjarar til studium innan arkitektur, design og landskapsarkitektur. Samtidig viser tala at enkelte utdanningar går mot straumen og opplever auka interesse.
Fleirtal kvinnelege førstevalsøkjarar
Blant førstevalsøkjarane til AHOs studiar er det eit fleirtal kvinner. Dette gjeld alle dei tre studieprogramma, men er særleg tydeleg innan design og landskapsarkitektur. Ved søknadsfrist i år er nær to tredelar av førstevalsøkjarane til master i arkitektur kvinner, medan kvinneandelen blant førstevalsøkjarane til design og landskapsarkitektur er endå høgare. Kvinneandelen har auka noko over tid.
AHOs ansvar i møte med ein krevjande arbeidsmarknad
Under pressekonferansen 23. april viste direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Sveinung Skule, til ein nedgang i søkjartala til mellom anna arkitektutdanningane. I si oppsummering peikte han på at situasjonen i arbeidsmarknaden kan vere ei forklaring:
– Arkitektane har det vanskeleg på arbeidsmarknaden for tida.
Fleire undersøkingar peikar mot ein meir krevjande arbeidsmarknad innan arkitektur- og designfaga. Ei arbeidsløyseundersøking frå Arkitektenes fagforbund viser at arkitektbransjen blir prega av tøffe tider, særleg for unge og nyutdanna, med noko høgare arbeidsløyse blant landskapsarkitektar enn i andre faggrupper. Dette kan sjåast i samanheng med Navs arbeidsløysestatistikk, som viser at bygg- og anleggssektoren har den høgaste registrerte arbeidsløysa i arbeidsmarknaden, trass i enkelte teikn til auka etterspurnad etter arbeidskraft.
Samtidig teiknar Grafills bransjekartlegging eit bilete av ein designbransje i omstilling, der uvisse i oppdragsmarknaden, sterk konkurranse og teknologiske endringar pregar arbeidskvardagen. Kandidatundersøkinga for høgare utdanning peikar også på høg arbeidsløyse blant nyutdanna innan samfunns- og estetiske fag. Samla sett kan dette gi eit bakteppe for korleis dagens søkjarar vurderer utdanningsval og framtidige jobbmoglegheiter – sjølv om dei ytre faktorane som påverkar vala til søkjarane er mange og samansette.
– I ein arbeidsmarknad prega av uvisse og rask omstilling er det AHOs ansvar å tilby framtidsretta utdanningar med både sterk fagleg forankring og rom for kritisk tenking og eksperimentering. Overfor søkjarane skal me vera tydelege på at det er nettopp dette som kjenneteiknar utdanningane våre. AHO utdannar kandidatar med kompetanse som er relevant og robust i eit arbeidsliv i endring, seier rektor Irene Alma Lønne.
Ny strategi med mål om å forma framtida
I januar 2026 vedtok styret ved AHO strategien til høgskulen for perioden 2026–2036. Strategien beskriv AHOs felles retning, ambisjon og overordna forplikting overfor samfunnet: «Me formar framtida gjennom arkitektur, design og landskapsarkitektur».
Les meir: AHO med ny strategi mot 2036