Her deltek vi på Arendalsuka 2025

Korleis kan arkitektur og byutvikling bidra til å skapa ei betre framtid? Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO) deltek på Arendalsuka 2025 for å engasjera seg i viktige samfunnsdebattar og byggja nye samarbeid for å finna løysingar på nokre av vår tids største utfordringar.

Bildet kan inneholde: kyst, luftfotografering, fugleperspektiv, kart, marina.

AHO er med på fleire faglege arrangement i samarbeid med Universitetet i Agder (UiA), Berekraftsnettverket i KS, nettverket Skift – næringslivets klimaledere og bransjeorganisasjonen Arkitektbedriftene.

Saman med våre partnarar ønskjer vi å visa korleis arkitektur og strategisk byutvikling kan bidra til å løysa nokre av dei viktigaste samfunnsutfordringane våre. I samarbeid med Arkitektbedriftene set vi opp ei utstilling der nyutdanna arkitektar viser fram diplomprosjekta sine.

– For AHO er dette ikkje berre ei anledning til å visa fram kva vi gjer – men òg til å lytta, læra og bidra til ein breiare samtale om kva arkitektur, design og landskapsarkitektur kan bidra med i møte med samtida sine store utfordringar, seier Irene Alma Lønne.

Vi tek med oss rektor, instituttleiarar og fagpersonar med solid erfaring frå både teori og praksis. Vi deltek i samtalar som ikkje berre handlar om korleis omgjevnadene våre ser ut, men òg om korleis dei påverkar liva våre, formar samfunnet – og korleis vi kan samarbeida for å skapa dei beste løysingane.

AHO deltek i følgjande arrangement

Panelsamtale: «Arkitektur: Forming av framtid»

  • Stad: UiA-teltet
  • Tid: Tysdag 12. august, kl. 14:00 

Churchills velkjende sitat «We shape our buildings; thereafter they shape us» dannar ramma for ein fagleg panelsamtale om arkitekturen si rolle som ei kraft som formar samfunnet. I samarbeid med Universitetet i Agder (UiA) og Nasjonalmuseet har vi invitert eit variert panel av arkitektar og fagpersonar.

Med mellom andre Joakim Skajaa (Nasjonalmuseet og Skajaa Arkitekter) i panelet, undersøker vi korleis arkitektur kan gå i dialog med historia og samstundes peika framover. Kva vil det seia å skapa arkitektur som ikkje berre er «pen», men som faktisk bidreg til å forma ei betre framtid?

Sjå programmet for panelsamtalen (arendalsuka.no)

Hvordan kan den silofiserte kommunen kommunen bli en strategisk samfunnsutvikler?

  • Stad: Havgløtt By Morgenfugl
  • Tid: Torsdag 14. august, kl. 11:00–12:00

AHO deltek i panelsamtalen «Hvordan få den silofiserte kommunen til å gå i en bærekraftig retning?», arrangert i samarbeid med Berekraftsnettverket i KS. Her samlast forskarar, kommuneleiarar og politikarar til ein diskusjon om korleis norske kommunar kan ta ei meir strategisk rolle i å leia by- og stedsutviklinga mot felles mål for klima, velferd, næring og livskvalitet.

Professor Lisbet Harboe frå AHO vil bidra med erfaringar frå AHOs etterutdanningsprogram for kommunal toppleiing i strategisk by- og stedsutvikling. Saman med mellom andre Geir B. Aga (administrerande direktør i KS), Gro Sandkjær Hanssen (OsloMet/NIBR), Arvild Bruun (Oslo kommune) og Vigleik Winje (Karmøy kommune) løftar vi fram nye samarbeidsformer, god praksis og behovet for heilskapleg styring på tvers av faglegheit og tilhøyr.

Sjå programmet for panelsamtalen (arendalsuka.no)

– Arkitektur handlar ikkje berre om bygg, det handlar om menneske, levekår og retninga vi ønskjer å bevega oss som samfunn. På Arendalsuka ønskjer vi å visa korleis arkitektur og byutvikling angår oss alle, fordi dei påverkar korleis vi lever, rører oss og møtest, seier Irene Alma Lønne.

Byutvikling med Skift – næringslivets klimaledere

  • Tid: Onsdag 13. august, kl. 12:00–13:30
  • Stad: Rambøll Arendal

I 2050 vil nær 70 % av verdas befolkning bu i byar. Det er i byane klimakampen må vinnast – og det hastar. Byutvikling er eit komplekst felt som krev samarbeid på tvers av sektorar, fagområde og forvaltningsnivå.

Difor inviterer AHO, Skift-nettverket, Henning Larsen og Rambøll til eit arrangement under Arendalsuka. Saman set vi søkjelys på korleis vi gjennom tverrfagleg samarbeid kan finna felles løysingar for ei berekraftig framtid.

Om arrangementet

Det er ikkje berre eit samfunnsansvar, men òg økonomisk lønnsamt å skapa ein attraktiv by. Men kva skal til – og korleis lukkast med prosjekt som viser at levande, grøn byutvikling òg kan gi gode tal på bunnlinja? Rambøll, Henning Larsen og Byutviklingsskiftet i Skift inviterer til rundebordspraten «Urban glede: Når grønne byrom gir grønne tall!» for å dykka djupare i tematikken.

Vi har invitert ein aktør som allereie har fått det til: Fælledby. Dei deler sine erfaringar om korleis byrom kan vera meir enn berre murstein, og korleis urban biodiversitet, mangfald og fellesskapsløysingar kan vere lønnsame.

Sjå program for rundebordspraten (arendalsuka.no)

Kvifor er kunstnariske utdanningar viktige i dag?

  • Tid: Tysdag 12. august, kl. 15.00–15.45
  • Stad: UiA-teltet

Kunstnariske utdanningar – innan kunst, musikk, scenekunst, design og arkitektur – er viktige laboratorium for kreativitet, kritisk refleksjon og nytenking. I ei tid der høgare utdanning i aukande grad blir vurdert ut frå målbar nytteverdi, vil vi rette merksemda mot den djupe samfunnsverdien av kunstnarisk kunnskap.

Kva vil det eigentleg seie å utdanne seg innan kreative fag – og kva får samfunnet att for det? Kva rolle spelar skapande utdanningar i møte med vår tids store utfordringar?

Velkomen til ein open samtale om kreativiteten sin plass i utdanning og samfunn.

Sjå programmet for samtalen (arendalsuka.no)

Studentutstilling på Bygg Arena Arendal: Korleis den nye generasjonen arkitektar vil løysa samfunnsutfordringar

AHO og Arkitektbedriftene presenterer ei utstilling av utvalde diplomprosjekt frå AHO. Dei ferske arkitektane utforskar mellom anna korleis vi kan revitalisera og bruka eksisterande bygningsmassar til nye føremål. Utstillinga gir innblikk i framtidas faglege praksis og viser korleis morgondagens arkitektar tenkjer.

Blant prosjekta som skal visast er:

  • «Den Strie Ælva» av Espen Heimdal – ei revitalisering av fløytingsmuseet ved Fetsund lenser, der freding og formidling balanserast i møte med framtidige behov.
  • «Løå» av Frida Dahl Obrestad – eit prosjekt som undersøker korleis forlatne 1900-tals låvar på Jæren kan få nytt liv og funksjon.
  • «Reinstating Kvadraturen» av Jon Harald Røvik – ei utforsking av korleis transformasjon av ikkje-verneverdige bygg i Oslos historiske sentrum kan bidra til å
  • «Tunnel Vision» av Apollo Karmatskiy og Oskar Aronsen – eit alternativt forslag til ny metrotunnel i Oslo, med fokus på skånsam byintegrasjon og arkitektonisk kvalitet.
  • «Earthern Housing» av Gustav Cederblad Stamnes – eit eksperiment i berekraftige byggjemåtar i historiske bymiljø.
  • «House of Electricity» av Beatrice Livf – om korleis kraftstasjonar kan opnast som arkitektoniske møteplassar mellom menneske og teknologi.
  • «An Architecture School – A Community» av Hauk Haslum – ein visjon for ein ny, sjølvbygd læringsstad for arkitektstudentar med fokus på fellesskap og stadstilhøyr.

Har du ein spennande debatt vi bør få med oss – eller ønskjer du å invitera AHO inn i ein samtale? Ta gjerne kontakt!

Kontakt Jeppe Bucher
 

 

Publisert 11. juni 2025 08:08 - Sist endret 11. aug. 2025 11:26