Murgården: frå hurtigbygd kulisse til ettertrakta bustad

By Bjørg Agasøster

Denne avhandlinga tek sikte på å undersøkje murgården i Oslo med særleg vekt på kor stor del av bygningstypen som var importert, og kva for element dette gjaldt.

Bildet kan inneholde: vegg, fasade, arkitektur, leilighet, komposittmateriale.
Project type
Phd project

Supervisor:
Mari Hvattum

Avhandlinga tek føre seg idégrunnlaget, romprogrammet, materialbruken og byggeteknikken i murgården, og analyserer korleis desse komponentane vart overførte frå ein europeisk kontekst til ein norsk røyndom. Eit sentralt spørsmål er forholdet mellom import av arkitektoniske idear, konstruksjonsprinsipp og material, og korleis desse vart tilpassa og forma av lokale tilhøve som klima, kultur, økonomi og tilgjengelege ressursar.

Murgården var eit løysingsforslag på ein ny måte å bu på i møte med den raske urbaniseringa på 1800-talet, utvikla gjennom ei i stor grad privatfinansiert bustadbygging. Han representerte eit samspel mellom økonomiske interesser, sosiale ambisjonar og nye førestellingar om byliv og bustadstandard. Samstundes utgjer murgården det største einskildbidraget til norsk arkitekturhistorie på 1800-talet. Han har i avgjerande grad forma Oslo som by, og lagt premissar for korleis bustadarkitekturen seinare har utvikla seg.

Gjennom analysar av utvalde område i Oslo, samt studiar av arkivmateriale og eksisterande bygningsmasse, vil prosjektet bidra til ei ny forståing av murgården som både importert og tilpassa arkitektur, og belyse rolla hans i utviklinga av den moderne byen.


Contact

PhD Fellow
Email
bjorg.agasoster@aho.no
Published Sep. 18, 2026 8:30 AM - Last modified Sep. 18, 2026 8:30 AM