English version of this page

Finn kilder og fagressurser

Biblioteket gir deg tilgang til en rekke ressurser. Husk å logge på VPN når du er utenfor campus for å få tilgang.

Nasjonalt vitenarkiv

Nasjonalt vitenarkiv (NVA) oppbevarer vitenskapelig og faglig arbeider og publikasjoner av studenter, ansatte og PHD-kandidater ved AHO.

Fra 2017 - 2025 ble diplom- og masteroppgaver arkivert i ADORA. Tilgang til filer som er låst gis av biblioteket, ta kontakt.

Forskningsrådet forventer at alle forskningsresultater i prosjekter finansiert av dem, er åpent tilgjengelig

Nasjonalt vitenarkiv (NVA) erstattet ADORA 1. oktober 2025.

Artikler

Dei fleste basar er søkbare i Oria. Noen tips:

  • Hak av for "Inkluder materiale biblioteket ditt ikkje har tilgang til" under "Tilpass resultata dine"  for å utvida søket (artiklar).
  • Vel "Materiale frå bibliotekkatalogen" for å avgrensa søket til AHOs samling (fysiske dokument). 

Artikkeldatabasar

Baser merka med (AHO) krev tilgang via IP-adressa til skulen. Dei fleste basar er søkbare i Oria, men gå til kjelda for meir presise søk. Enkelte basar gir tilgang til artiklar i fulltekst, medan andre berre viser til kjelder (refereransedatabaser). 

Andre kjelder

Relevante kjelder for arkitektur og design.

Aviser

AHO abonnerer på:

  • Aftenposten
  • Dag og Tid
  • Dagens næringsliv,
  • Klassekampen
  • Morgenbladet.

Desse kan lesast i biblioteket.

Historiske aviser 

For søk i historiske aviser frå Nasjonalbibliotekets avisteneste krevst det brukarnamn og passord - kontakt biblioteket for dagens passord.

Retriever/Atekst 

Me abonnerer også på tenesta Atekst/Retriever, Tilgangen er IP-basert, det vil sei at du anten må vera i nettverket til skulen eller logga på VPN.

Bibliotekets samlinger

Mesteparten av samlingane står ope tilgjengeleg. Nedre plan har hovudtyngda av utlånssamlinga. På mezzaninen er det innbundne tidsskriftet, referanse- og lesesalsbøker og ei guidesamling. Biblioteket har eit lukka magasin for oppbevaring av eldre materiale, m.a. ein del plansjeverk. Heile samlinga til biblioteket er registrerte og kan søkjast opp i Oria.

Samlinga

Biblioteket har ei rikhaldig samling litteratur innan undervisningsfaga, og ein del støttelitteratur. 

Samlingane i biblioteket var i starten basert på gåver, m.a. med bøker frå Bygningsklassen på SHKS som grunnlag. Den systematiske oppbygginga starta etter at skulen fekk lokale i St. Olavs gate i 1968. AHO fekk overført industridesignarutdanninga i 1996, og oppretta masterstudium i landskapsarkitektur i 2004. Gjennom åra har biblioteket motteke mange gåver som har medverka til å styrkja dei eldre samlingane. M.a. har Deichmanske bibliotek donert ei samling frå Byarkitektens kontor, Norsk Form har bidrege med ei designsamling og mange arkitektkontor og andre aktørar har gjæve sine boksamlingar. Norske arkitekters landsforbund har overført samlinga si av generalplanar og ein del anna eldre materiale.

I 2023 er samlingane på ca 50.000 trykte bøker, ca 200 laupande trykte tidsskrift, og 2000 e-tidsskrift. Tilveksten er ca.1000 bind per år. Hovudtyngda er arkitektur, urbanisme/landskapsarkitektur, design, kunst og teknologi og med støttelitteratur innan samfunnsfag, filosofi og vitskapsteori.

Biblioteket har ikkje arkitektteikningar eller anna arkivmateriale. Bortsett frå doktorgradsavhandlingar er trykte studentoppgåver berre unntaksvis leverte til biblioteket. Doktorgradsavhandlingar og masteroppgåver (frå 2017) blir arkivert digitalt i AHOs institusjonelle arkiv ADORA.

Boksamlinga

Boksamlinga er organisert etter UDK. Bruk kartfunksjonen i bibliotekbasen (Oria) for å finna fram. Bøker som kan lånast står primært på nedre plan. Bøker til bruk i biblioteket står på messaninen.

Vitskapleg stabs utgivingar

Biblioteket har ei eiga hylle for forlagsutgivingar frå den vitskaplege staben vår. Tips oss dersom du saknar noko. Me tek gjerne imot forfattareksemplar. Antologiar er berre med dersom ein tilsett ved AHO er redaktør. Oversikt over vitskaplege artiklar og bokkapittel finn du i Cristin.

E-bøker

  • Biblioteket gir tilgang til ca 9000 e-bøker innan våre fagområde.
  • Du kan laga notat inne i e-bøkene, markera tekst med gult, søke på enkeltord m.m.
  • Du finn alle titlane i Oria ved vanleg søk.
  • For å lasta ned til eininga di må du registrera deg som bruker og installera Adobe Digital Editions.
  • Dei fleste titlane tilhøyrar samlinga The Arts Ebook subscription.
  • Mogleg å kjøpa tilgang til bøker som ikkje er ein del av samlinga me abonnerer på, legg inn bestilling i Oria eller send ein e-post til biblioteket.

Tidsskrift

Alle tidsskrift er søkbare i bibliotekbasen (Oria), mange er søk bare på artikkelnivå. Siste års utgåver av tidsskrifta er stilt opp alfabetisk i tidsskriftkroken. Eldre årgangar blir bundne inn og står på messaninen. Elektroniske tidsskrift og artikkeldatabasar biblioteket abonnerer på er tilgjengelege via IP-adressa til skulen.

Kurslitteratur