LOGIN

Færre misser stipendet

Pressemelding frå Lånekassa: 35 300 studentar får gjort om heile eller ein del av stipendet til lån fordi dei hadde for høg inntekt, formue eller trygd i 2009. Det er nesten 2 900 færre enn i fjor.

– Dei fleste studentar i Noreg har ei inntekt som gjer at dei får fullt stipend frå Lånekassen, og samanlikna med i fjor er det er cirka 2 900 færre studentar som får redusert stipendet sitt i år, seier Astrid Bugge Mjærum, informasjonsdirektør i Lånekassen. 

Lånekassen gjennomfører årleg ein likningskontroll på grunnlag av opplysningar frå skatteetaten I årets kontroll får 23 200 studentar redusert stipendet på grunn av høg inntekt, og det er nesten ti prosent færre enn i fjor. Vel 10 000 studentar har ei inntekt på meir enn 300 000 kroner. Den høgaste inntekta hadde ein mann frå Buskerud, han tente 2,3 millionar kroner.

Tener mindre, har høgare formue
Medan færre hadde for høg inntekt, er det i år litt fleire med høg formue. Den høgaste formuen hadde ei kvinne frå Rogaland, som sat med nærmare 444,7 millionar kroner på bok.

– 5900 studentar fekk i år redusert stipendet på grunn av høg formue. Det er om lag 200 fleire enn i fjor, fortel Mjærum.

7 000 studentar fekk redusert stipend på grunn av trygd.

– Dette er heile 500 færre enn i 2008, og vi kan konstatere at den kraftige nedgangen dei siste åra i talet på studentar med høg trygd, held fram også i år, seier Mjærum.

Stipendet blir behovsprøvd
Lånekassen betaler ut all basisstøtte til høgare utdanning som lån. Når eksamen er bestått, blir 40 prosent gjort om til utdanningsstipend. Utdanningsstipendet blir behovsprøvd i ettertid mot eiga inntekt, formue og trygd. Overstig inntekta eller formuen beløpsgrensene, blir heile eller ein del av stipendet gjort om til lån igjen. Inntektsgrensa var i 2009 på 128 360 kroner, medan grensa for formue for ein einsleg søkjar var på 253 932 kroner.

– I 2010 kan studentane tene vel 136 000 kroner utan at dei får redusert stipendet. Dersom  dei likevel vel å jobbe meir enn beløpsgrensene opnar for, vil ein del av stipendet bli gjort om til lån. Desse studentane får då utbetalt like mykje pengar som andre, men må betale tilbake meir etter avslutta utdanning, forklarer Mjærum.

Publisert: 27.10.2010 Oppdatert: 27.10.2010 Av: Lånekassa

 
 
 
 

  • Persondata i studieprosjekt (09.11.2009) Skal du samle data om personer i forbindelse med ditt studieprosjekt? Dersom du på  annen måte skal samle inn, registrere, behandle, eller lagre opplysninger om personer (personopplysninger) må du...
  • Jobbsøkerkurs for studenter (19.10.2009) Arkitektenes fagforbund (AFAG) inviterer herved alle studenter ved AHO til gratis jobbsøkerkurs torsdag 5. november 2009 kl. 12.00 – 15.00 i croqiussalen på AHO.
  • Flere studenter inn, flere studenter ut (07.10.2009) Studentmobiliteten til og fra Norge øker
  • Omprioritering av kurs vår 2010 (29.09.2009) I perioden 5.10 – 16.10 åpnes det for en omprioritering av kurs våren 2010 for studenter på masternivå. 
  • SU-valg 09 (08.09.2009) Vil du stille til valg? Det årlige SU-valget nærmer seg, nye og inspirerte representanter skal inn. Dette er din sjangse til å påvirke din egen skolehverdag!
  • Sensorer høsten 2008 (11.12.2008) Inst. Inst.leder/hovedansv Kurs Kursansvarlig Ekstern sensor Intern sensor AHO Beate Hølmebakk GK1 Studio 1 Beate Hølmebakk   Beate Hølmebakk GK1 Studio 2 Erik Langdalen   Erik Langdalen GK1 Studio...