Det kjem fram i ein forskingsrapport som samanliknar utlandsstudentar og utbytte av utlandsstudium i Noreg, Danmark, Finland, Island og på Færøyene.
- At meir enn halvparten av færøyske studentar som reiser ut, vel å busetje seg i studielandet, som oftast Danmark, er kanskje ikkje så overraskande. Men også finske utlandsstudentar blir langt oftare enn nordmenn buande i studielandet etter avslutta utdanning, fortel Jannecke Wiers-Jenssen, forskingsleiar ved NIFU STEP. Ho er medredaktør av rapporten, som er finansiert av Lånekassen og systerorgansiasjonane i dei andre nordiske landa.
Mindre enn 20 prosent blei buande
Medan 43 prosent av finnane framleis budde i utlandet tre år etter eksamen, gjorde mindre enn 20 prosent av nordmennene i undersøkinga det same.
– Vi veit at det er fleire som planlegg å jobbe i utlandet enn som faktisk gjer det, men årsakene til at mange kjem heim, har vi lite forskingsbasert kunnskap om, seier Wiers-Jenssen.
Låg arbeidsløyse
Ei mogleg forklaring kan vere at Noreg har lågare arbeidsløyse enn dei fleste andre land, og det gjer det enklare å få jobb etter fullført utdanning.
– Noreg har også fleire gode velferdsordningar som kan vere med på å lokke nyutdanna tilbake til heimlandet. Lang fødselspermisjon og god barnehagedekning er viktig for folk i etableringsfasen, påpeiker Wiers-Jenssen.
Dersom ein etablerer seg i land som har eit lågare lønnsnivå enn Noreg, kan det også vere vanskelig å betene den norske studiegjelda.
Politisk mål
– Det er et politisk mål at flere får utenlandserfaring, og det er gledelig at en så stor andel nordmenn velger å flytte tilbake etter å ha studert i utlandet. Når utlandsstudentene kommer hjem med internasjonal erfaring, får samfunnet tilbake det som har blitt investert i utlandsstudentene med renter, sier Astrid Mjærum, informasjonssjef i Lånekassa.