Samandrag
Mellom ord og handling. Om verdsetjing i kunst- og handverksfaget.
PhD-avhandling av Karen Brænne
Med ein case frå norsk allmennlærarutdanning som kjeldegrunnlag, gjev denne avhandlinga innsikt i korleis lærarar og studentar verdset ulike sider ved den skapande verksemda. Verdsetjingskonstruksjonane vert drøfta ut frå sosiale og historiske føresetnader. Fleire former for ambivalensar vert synlege i empirien, der tilhøvet mellom intensjonar og praktisering – tilhøvet mellom ord og handling, er eit kjernepunkt.
Originalitets- og autensitetsimperativet pregar intensjonane, medan praktiseringa speglar felles konvensjonar. Studentarbeida viser tydelege referansar til konkretiseringar frå lærarhald, og har også internt slektskap. Eit anna hovudmoment ved drøftinga vert omtalt som individualisme-tendensen. Gjennom ein historisk inngang belyser teksten korleis fleire røyster held på eit individ-frigjeringsprosjekt. Dette har røter attende til byrjinga av 1900-talet, og det var då stor opposisjon mot det kollektive og lite humane disiplineringsidealet.
Spørsmålet vert kor lenge ein slik opposisjon skal vare, og om andre opprør vert nødvendige ettersom den opphavlege opposisjonen vert til nye, ideologiske prosjekt og vedtekne sanningar.
26 nov - 2009