Trådløs film i Spania
Forskningsfilmen "Wireless in the world" vises i desse dagar som del av utstillinga HABITAR ved LABoral Centro de Arte y Creación Industrial i Spania.
Filmen Wireless in the world 2, laga av AHO-forskar Timo Arnall, visar enkle visualiseringar av korleis radiobølger beveger seg rundt i det urbane rommet.
Sjå filmen her:
Temaet i filmen er relatert til Arnalls pågåande ph.d-prosjekt og tidligare forsking i forskingsprosjektet Touch. Ei rekkje av prosjektets filmer har nådd høge sjåartall gjenom ulike nettmedier.
Kommande scenarier
Konseptet for Habitar-utstillinga er "a walk through new emerging scenarios in the city". Utstillinga skal vere ein katalog av idear og bilete frå kunstnarar, designarar, arkitekter og tilknytta forskingssentre. Målet er at desse saman kan komme opp med ei rekkje potensielle verktyg, løysinger og eit omgrepsapparat som kan brukast i den daglege forhandlinga som finn stad i ein moderne urban kvardag. Kurator for utstillinga er José Luis de Vicente.
Publisert:
09.06.2010
Oppdatert:
09.06.2010
Av: