LOGIN

2nd_480_0

Foto: NorskDada

Tok 2. plass med trekunst

AHO-studentane Mariel Bacigalupe og Stephanie Fell tok 2. plass i designkonkurransen BergenWood, som vart arrangert i samband med Bergen International Wood Festival tidligare denne månaden.

Feirar treets eigenskapar
Bergen International Wood Festival (BIWF) er tileigna konstruksjonar laga av tre, og materialet sine konstrusjonsmessige og formbare kvalitetar. Som del av dette fokuset arrangeras ved kvar festival ein designkonkurranse i eksperimentell konstruksjon av romlege strukurar laga i tre. Designarar, arkitektar og kunstnarar frå heile verda er inviterte til å delta i konkurransen, som i år varte frå 30. mai til 3. juni 2010.

Konkurrerte med studentarbeid
2. plassen i konkurransen gjekk til Mariel Bacigalupe og Stephanie Fell for konstruksjonen "Ripples", som også har vore deira hovudprosjekt i studiet denne våren. Studentane har delteke på kurset "Performance Oriented Design: Responsive Wood Architectures" med professor II Michael Hensel, hvor fokuset har vore nettopp å eksperimentere med dei  ibuande kvalitetane og moglegheitane i treet.

Saman med dei øvrige studentane på kurset fekk studentane prisen for Fremragende bruk av tre i arkitektur under vårens AHO Works.

Arrangørar
Bergen International Wood Fesitval er eit samarbeid mellom Bergen Arkitektskole, Kunsthøgskolen i Bergen, Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Norge Trefokus, NAL, NLA og NIL.

I juryen sat Ole Vanggaard, professor, Danmark, Ola Wedebrunn, arkitekt Sverige og John Audun Hauge, skulptør, Norge.

Publisert: 23.06.2010 Oppdatert: 23.06.2010 Av: