Representerer norsk arkitektur
Rektor Karl Otto Ellefsen holdt nyleg ei førelesing ved det anerkjente Tongji-universitet i Kina. Fleire AHO-representantar reiser langt for å presentere norsk arkitektur for omverda.
Ellefsen vitja Kina som del av kulturministarens delegasjon til verdsutstillinga i Shanghai.
Søndag 26. september deltok delegasjonen på ein ”norsk aften” ved det presitsjefylde Tongji-universitetet i Shanghai. Kulturministar Anniken Huitfeld innleia til evenementet, medan Ellefsen heldt eit innlegg om norsk arkitektur, mellom anna med fokus på det norske turistvegprosjektet.
Mandag 27. september deltok Ellefsen på eit seminar på den norske utstellingspaviliongen med fokus på vern og landskap, saman med representantar frå norske arkitektkontor som Snøhætta, Helen & Hard, Jarmund & Vigsnæs og ei gruppe kinesiske arkitektar.
Fjeld om Fehn
Tidligare rektor ved AHO og professor i arkitektur Per Olaf Fjeld er også ein ettertrakta føredragsholdar, og litt seinere i oktober set han kursen mot Russland for å holde føredrag om sitt arbeide med Sverre Fehn. Først ut ventar eit seminar i St. Petersburg i regi av UD 7. oktober. Deretter går turen til Moskva, der han 11. oktober vil holde ei førelesing ved Markhi University i regi av foreninga PRO ARTE.
Fjelds siste bok om Sverre Fehn, ”The Pattern of Thoughts” , har etter utgjevinga i 2009 brakt professoren verda rundt; mellom anna til New York, Bejing, Paris og ei rekkje andre europeiske land.
Norwegische Architektur i Berlin
Også instituttleiar Børre Skodvin og professor Jan Olav Jensen, begge ved AHOs Institutt for arkitektur, reiser verda rundt i eigenskap av sitt arbeide i arkitektkontoret Jensen & Skodvin Arkitekter. Kontoret har nyte stor internasjonal oppmerksemd for sine prosjekt, og nylig vitja Skodvin den norske ambassaden i Berlin, der han presenterte kontoret sitt arbeide på føredragsarrangementet ”Norwegische Architektur – does Norway matter?” 20. september.
Publisert:
04.10.2010
Oppdatert:
05.10.2010
Av: