Oppgradert skolebygg til semesterstart
Sommaren 2010 har det, til glede for studentar og tilsette, vore utført ei rekkje arbeider og oppgraderinger av bygninga og utstyret ved AHO.
Kjøling og ventilasjon
Fyrst og framst er det gjort oppgraderinger av kjøle- og ventilasjonsanlegget, mellom anna på datasalane. På Undervisningsrom 1 og 2 pågår arbeidet fram til slutten av september.
Etter eit sterkt ønskje frå brukerane, har det no vorte oppmontert persienner på utsida av grupperomma i 2. etasje. Her har det ofte vorte svært varmt når sola står på, men dette er nå bedra med dei nye persiennene, som vert styrt elektronisk frå innsida av kvart grupperom.
Nye møblar
På Tegnesal 6 har skolen investert i nye, spesiallaga bord og stolar, som erstatter dei midlertidige studentmøbla som vert nytta førre skoleår. Samstundes er plasskapasiteten i salen auka til 90 studentar.
Lyd, lys og bilde i auditoria
I løpet av sommaren har det også vore gjennomført ein omfattande oppgradering av auditoria. Mellom anna er det no installert eit nytt styringssystem for prosjektørar, lyd, lys, lerret og gardiner. Styringspanela skal no vere enklare å bruke, og tenestene i auditoria skal være meir stabile, fleksible og tilnærma identiske på tvers av auditoria. Nye tenester omfattar også teleslynge og hovudtelefon med høyreanlegg.
Tidlegare i år vart det oppmontert projektor, lerret og lydanlegg inst i kantina, slik at dette området også kan nyttast til førelesninger.
Tilbakemelding
Brukarar av utstyret vert oppfordra til å ta kontakt med IKT-avdelinga eller driftsavdelinga dersom det treng stønad til bruk av utstyret. Dei ønsker også tilbakemelding på funksjonalitet og brukarvennlighet hjå utstyret.
Publisert:
18.08.2010
Oppdatert:
18.08.2010
Av: