LOGIN

480_manifestos

Ny bok: Manifestos and Transformations

Professor ved AHO, Christian Hermansen Cordua, er redaktør for den nye boka Manifestoes and Transformations in the Early Modernist City. Med hjelp frå eit bredt team av ekspertar utforskar boka grunnlaget for vår oppfatning av den moderne byen.

Industrialiseringa av den europeiske byen på 1800-talet la til rette for utviklinga av forestillinger om den perfekte by, eller modellbyen. Dette førte i sin tur til urbane transformasjonar i stor skala. Boka drøfter korleis den urbane diskursen i siste halvdel av det nittande århundre vart dominert av ei dialektisk utveksling mellom det ideelle og det praktiske, ein debatt som bidro til danninga av den moderne metropolen.

Manifestoes and Transformations er det første arbeidet som tar oppgåven med å samle og samanlikne desse urbane utopiane og deira forhold til faktiske urbane intervensjonar.

Christian Hermansen Cordua er professor i arkitektur ved AHO. I boka bidreg ei rekkje AHO-forskarar; Karl Otto Ellefsen, Edward Robbins og Johnny Aspen, i tillegg til eit omfattande team av internasjonale ekspertar; David Pinder, Graeme Gilloch, Ruth Hanisch, Dennis Hardy, Pierre Chabard, Dana Arnold, David Van Zanten, Albert Serratosa, David Frisby og Joachim Schlör.

Ved å bringe saman desse nøye utvalde forskarane gjer Hermansen Cordua ei vid, kontekstuell utforsking av idear og urbane praksisar, som utgjer grunnlaget for vår forståing av den moderne byen. Boka er meint som ein verdifull ressurs for studentar som er interesserte i danninga av den modernistiske byen.

Boka vart gitt ut på Ashgate Publishing i byrjinga av mars 2010.

For å lese meir eller for å bestille boka, sjå www.ashgatepublishing.com

Publisert: 17.03.2010 Oppdatert: 17.03.2010 Av: