LOGIN

Barnemøbelet Angel, designa av G9 for produsenten BabyDan. Ill: BabyDan/G9

Barnemøbelet Angel, designa av G9 for produsenten BabyDan. Ill: BabyDan/G9

Innovativt barnemøbel frå verksmeistar

Verksmeistar på AHO, Geir Jarle Jensen, har som del av det norske designbyrået G9 design og den danske produsenten Baby Dan motteke ”Kind + Jugend Innovation Award 2010” for 3 i 1-barnemøbelkonseptet Angel.

Geir Jarle Jensen er utdanna ingeniør og arbeider som vikar i verkstaden på AHO. Tidlegare har han jobba 5 år for ein møbelprodusent og 12 år som produktutviklar for ein møbeldesignar.

I 2008 starta han G9 design saman med møbeldesignar Nils Seiersten. Angel er deira fyrste produkt som er lansert.

Innovation Award er ei utmerking som vert delt ut på verdas største messe for barneutstyr, Kind + Jugend. Blant 213 påmelde i 7 kategoriar, vant Angel i kategorien ”World of Baby Furniture”. Prisen vart delt ut 16. september i år.

G9 vart også nominert til ”årets produkt” på Barn och Baby-messen i Sverige tidlegare i år.

Det innovative konseptet Angel forenar funksjonane frå ein sovebag, vippestol og høg barnestol i eitt og same produkt. Det gjer det mogeleg for barnet å kunne delta i den sosiale aktiviteten rundt eit bord. Med eit enkelt handgrep kan brukaren festa dei individuelle delane Angel Nest, Angel Rest, og Angel Feast til stativet. Dette unike konseptet gjør at barnet kan bruke Angel frå det er nyfødd til dei første skoleåra. Kvar enkelt del kan faldast saman for enkel transport og lagring. Produktet vil vere i salg i Noreg frå november.

Les meir på www.babydan.no

 


Barnemøbelet Angel, designa av G9 for produsenten BabyDanAngel gjer det mogeleg for barnet å kunne delta i den sosiale aktiviteten rundt eit bord. Foto: BabyDan

Publisert: 18.10.2010 Oppdatert: 18.10.2010 Av: