LOGIN

Endre Hals vart årets Askeladd. Foto frå Noregs Bondelag

Endre Hals vart årets Askeladd. Foto frå Noregs Bondelag

Industridesignar årets Askeladd

Skimakar og industridesignar frå AHO Endre Hals vart i juni kåra til "Årets Askeladd".

Hals produserer skreddarsydde frikøyringsski, eit forretningskonsept som bygger på diplomoppgåva i industridesign frå AHO. Han har tidlegare fått mykje oppmerksemd for skia sine, som er dei einaste spesialtilpassa skia produsert i Noreg.

Askeladdprisen på 30.000 kr er eit samarbeid mellom Noregs Bondelag og Landkreditt, og delas ut til unge gründarar på bygdene. -Med sin produksjon av sportskunst er Hals med på å sette bygde-Noreg på verdskartet, uttalte juryen. 

Tidlegare vinnarar inkluderer guttane bak klesmerket "Moods of Norway".

Og Hals, opprinnelig frå Molde, trivst på bygda. På si eiga hjemmeside skriv han om seg sjølve: «Jeg kunne ikke leve et liv som metroseksuell dust i byen, og tok konsekvens av det og flyttet til verdens fineste plass, Lønset. Her snør vi ned hver helg og resten av tida er det sol.»

Sjå også:

Publisert: 11.07.2010 Oppdatert: 11.10.2010 Av: