LOGIN

480_diplom_h09_2

Diplomuker ved AHO

AHO ønsker velkommen til offentlege gjennomgangar, forelesinger, utstilling og feiring av haustens diplomarbeider på Master i arkitektur og Master i industridesign.

Diplomgjennomganger
25-29. januar holdast opne gjennomgangar av alle diplomoppgåvene i arkitektur og industridesign.

Dei eksterne sensorene for arkitektur er Thomas McQuillan, Boris Brorman Jensen og Sissil Gromholt, Anders Wilhelmson, Siv Stangeland og Reiulf Ramstad. Sensorgruppa for design er samansett av Jørgen Dalen, Cecilie Schjerven og Hugo Schmidt.

Diplomforelesinger
Torsdag 4. februar frå kl 13 held representantar for sensorgruppene korte forelesinger der dei presenterar innhald, hovudtrekk og tendenser i haustens diplomoppgåver, før opninga av diplomutstillinga same dag.

Diplomutstilling
Kandidatane stiller ut sine diplomarbeid i AHO sine lokaler frå onsdag 3. til søndag 7. februar. Offisiell opning torsdag 4. februar frå kl 17.00.

Diplomutdeling
Fredag 5. februar mottek dei nyutnevnte arkitektane og designarane sine diplom i Store auditorium. Alle studentar, tilsette, samt kandidatanes familie ønskes hjarteleg velkommen til seremonien. 

 

Publisert: 20.01.2010 Oppdatert: 20.01.2010 Av: