LOGIN

B-city_480_0

AHO valt ut til prestisjekonkurranse

AHO er ein blant fem skolar på verdsbasis som er inviterte til å delta i designkonkurransen B-CITY/GLOCAL Concept Design Awards i Bilbao til hausten.

Konkurransen The Bilbao / Bizkaia GLOCAL Concept Design Awards er oppretta for å bidra til å skapa eit stabilt fundament for designutvekling i Bilbao og Biskaya-området nord i Spania. Målet er å bli eit bindeledd for kontakt mellom designarar og produsentar.

I godt selskap
Til haustens konkurranse har fem institusjonar på verdsbasis fått invitasjon om å sende inn studentprosjekt i fem ulike kategoriar. Forutan AHO er desse Hong Kong University, National University of Singapore, Danmark Designskole og Harvard University Graduate School of Design.

Kategoriar
Dei ulike kategoriane er Habitat, Public spaces, Product, Graphic design og Transport & Mobility. Det kåres ein vinnar i kvar av dei fem kategoriene, i tillegg til ein hovudvinnar, som får med seg prisen på €10.000. Alle dei innleverte prosjekta og vinnarane vert vist fram i ein utstelling i Bilbao i januar 2011, før vinnarane av konkurransen vert kåra i februar.

Philippe Starck juryleder
Leiar for juryen er den verdskjende designaren Philippe Starck, som har med seg fleire prominente arkitektar og desigarar på laget: Tony Chambers (UK), Alvin Yip (HongKong), Elizabeth Diller (USA) og Toshiko Mori (J).

AHOs nominerte
AHO valde ut kandidatar til dei fem kategoriane under AHO WORKS Awards 10. juni. Både arkitektur- og designstudentar er blant dei som skal representera AHO med sine studenprosjekt:

Habitat:
Astrid Rohde Wang: Remember to delay the world a little everyday.

Public Spaces:
Daniel Lindberg: Bridge Hotel/ A place for movement

Product:
Hans-Aleksander Huseklepp: Remedy. The role og emergency products and how they affect users in the Risk Society.

Graphic design:
Elisa Briones og Ine Marie Vassøy: Weird Connections

Transport & Mobility:
Julie Olssøn og Anne Kristine Grønlund: Nettbuss.

 

 

Publisert: 21.06.2010 Oppdatert: 17.06.2010 Av: