LOGIN

Nyhetsbrev frå Kunnskapsdepartementet

Regjeringens forslag til budsjett for 2010 ble presentert i dag 13. oktober. Her er de viktigste sakene når det gjelder høyere utdanning, forskning og voksnes læring. Oversikt over hele KDs budsjett finner du her: Regjeringen.no/statsbudsjettet 

- Styrkjer kunnskapsnasjonen Noreg
Fleire skuletimar på barnetrinnet og gratis leksehjelp for dei yngste. 5600 fleire studieplassar ved universitet og høgskular og 350 millionar til klimaforsking. Offentleg forskingsfinansiering på nær éin prosent av brutto nasjonalprodukt. Regjeringa vidarefører tiltaka som følgde med tiltakspakken i januar, mellom anna for å kjempe mot fråfall i den vidaregåande opplæringa. Les meir

Aukar forskingsfondet til 77 milliardar
Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2010 å auke kapitalen i fondet for forsking og nyskaping med 5 milliardar kroner. Samla blir fondet dermed på 77 milliardar kroner. Den raudgrøne regjeringa har dermed auka kapitalen i fondet med til saman 41 milliardar kroner. les meir

5600 fleire studieplassar og 1000 nye studentbustader
Regjeringa vidarefører satsinga på nye studieplassar og studentbustader i statsbudsjettet for 2010. I tillegg blir lærarutdanningane styrkte, og det blir stimulert til samarbeid mellom institusjonane. les meir

87 millionar til vaksenlæring
Regjeringa vil at vaksne som ønskjer og har behov for meir opplæring i grunnleggjande ferdigheiter som lesing, skriving, rekning og IKT-bruk, skal få det. Gjennom Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) blir det foreslått å løyve 79, 8 millionar kroner til dette formålet. les meir

Publisert: 13.10.2009 Oppdatert: 14.10.2009 Av: Kunnskapsdepartementet