Nytt styre ved AHO
Stortingsrepresentant Ågot Valle er utnemnt til ny ekstern styreleiar ved AHO. Ho skal leie høgskolens nye styre dei neste fire åra.
I sommer vart det klart hvem som skal sitte i AHO sitt styre i perioden 2009-2013. Styret er øverste organ ved AHO, og har det overordna ansvaret for at skolen vert drive innanfor gjeldande lovverk og budsjettrammer, og at dei oppgåvene som skolen er pålagt vert ivaretatt best mogleg.
Stortingsrepresentant Ågot Valle frå SV er utnemnt av Kunnskapsdepartementet til ny styreleiar etter Inger Aarvig. Styret utgjeres i tillegg av valde representantar for tilsette og studentar, samt utnemnte eksterne styremedlem. Enkelte av medlemmene frå det tidligare styret fortsett, medan ein del nye representantar har komme inn. Blant dei eksterne styremedlemmene finn vi industridesignar og direktør i Stokke Industrier Hilde Angelfoss, konserndirektør Per Arild Garnåsjordet, dekan ved Universitetet i Umeå Peter Kjær m.fl.
Det nye styret skal konstituerast 19. august, og har denne hausten tilsettinga av ny rektor som ein av sine viktigaste oppgåver. Ein avgjerd her er venta i slutten av september.
Publisert:
06.08.2009
Oppdatert:
06.08.2009
Av: