LOGIN

treplanker_480_0

Nytilsetjingar ved AHO

På styremøtet 10.12.08 vart det foretatt seks nytilsetjingar ved AHO.

Børre Skodvin er tilsett som instituttleiar ved Institutt for arkitektur. Skodvin er ein av Noregs mest profilerte arkitektar frå den yngre generasjonen. Han er deleiar i Jensen & Skodvin Arkitektkontor og har i fleire år undervist ved AHO.

Andrew Morrison er tilsett som professor i interdisiplinær design (IDE). Morrison er førsteamanuensis ved Intermedia ved Universitetet i Oslo og professor II ved AHO.

Elisabeth Seip er tilsett som professor II i arkitekturhistorie (FTH). Seip er generalsekretær i Fortidsminneforeningen og disputerte tidlegare i høst ved AHO med avhandlinga "Brødre og søstre i arkitekturen".

Jan Capjon er tilsett som professor II i industridesign (IDE). Capjon er professor ved Høgskolen i Vestfold, og har fram til nyttår ein 50% stilling som professor ved AHO.

Nils Erik Forsén er tilsett som professor II I bygningsteknologi (A). Forsén har høg vitskapeig kompetanse på bygningsteknologi og omfattande praktisk erfaring.

Even Smith Wergeland er tilsett som stipendiat i Kulverprosjektet (FTH). Smith Wergeland har ein mastergrad i kunsthistorie fra Universitetet i Bergen.

 

Publisert: 11.12.2008 Oppdatert: 11.12.2008 Av: