Nasjonal og internasjonal heider til Ypsilon
Drammens nye gangbru YPSILON, teikna av professor ved AHO Arne Eggen, mottok nyleg heiderleg omtale under utdelinga av Statens byggjeskikkpris og var blant dei utvalde vinnarane av ECCS Award for steel bridges 2008.
Gangbrua Ypsilon, som knyttar saman den nye Kunnskapsparken i Drammen med byparken på Bragernes, har fått mykje oppmerksemd både nasjonalt og internasjonalt sidan den høgtidlege opninga 16. januar i år. 5. juni vart Statens Byggeskikkpris gitt ut i Oslo Konserthus. Sjølve byggjeskikkprisen gjekk til den nye operaen i Bjørvika, medan fire prosjekt, blant dei Ypsilon bru, fekk heidrande omtale.
Juryen uttalte blant anna at ”brua er elegant og har gitt Drammens bybilde et nytt symbolmotiv som kan sidestilles med den gamle byaksen. Den er noe så sjeldent som et virkelig arkitektonisk mestergrep som evner å fange og symbolisere hele Drammens lange bymetamorfose i en enkel, men utfordrende form”.
Samme veke vart det kjend at brua også vert hedra med diplom under utdelinga av den første ECCS Award for Steel bridges 2008. Prisen vert delt ut av European Convention for Constructional Steelwork, og arkitekt Arne Eggen mottok diplomet saman med ordførar i Drammen Tore Opdal Hansen i Guimarães, Portugal. Det var totalt 22 kandidatar som deltok i konkurransen.
Ypsilon vert i tillegg presentert i den nyaste utgåva av Arkitektur N (nr. 4.)
AHO gratulerar!
|

|
| Gangbrua Ypsilon knyttar saman Drammen på nye måtar. Foto: Arne Eggen |
Publisert:
13.06.2008
Oppdatert:
15.04.2009
Av: