AHO-student til topps i global konkurranse
Den kinesiske produsenten av MP3-spillarar Meizu Electronic Technology LTD i Guangdong inviterte for ein tid tilbake designarar frå alle deler av verda til å bidra i utviklinga av framtidas MP3-spillere.
Anders Kjelsrud Christensen frå Tønsberg sitt bidrag vart tildelt førsteprisen av Meizu’s R&D komité. Christenesens bidrag hadde ikkje berre eit attraktivt utsjåande, men eit nytenkjande brukargrensesnitt, sa juryen.

Anders er 3. års industridesignstudent ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO). Denne sommaren skal han saman med fire studenter frå AHO og NTNU jobbe med bedrifter i Os, Hordaland gjennom programmet "Sommerdesignkontor" i regi av Innovasjon Norge.
AHO gratulerer!
Publisert:
17.04.2007
Oppdatert:
29.04.2009
Av: