LOGIN

Professor Karl Otto Ellefsen tilsett som rektor ved AHO

Eit einstemmig styre ved AHO vedtok i styremøte 7.12 å tilsette professor Karl Otto Ellefsen som rektor frå og med 1. januar 2006. Stillinga er ein 4-års åremålsstilling.

Professor Karl Otto Ellefsen har vore tilsett ved Arkitektur- og designhøgskolen, Institutt for urbanisme sidan 1995. Han var vald rektor ved AHO frå 2002 – 2005, og prorektor frå 1998 - 2002.

Karl Otto Ellefsen er utdanna ved Architectural Association i London og
sivilarkitekt fra AHO. Han har omfattande forskings-, undervisnings- og leielseserfaring mellom anna som professor ved Institutt for by- og regionplanlegging, NTH, hvor han var tilsett frå 1987-95.

Publisert: 08.12.2005 Oppdatert: 06.01.2011 Av: