LOGIN

1-2-3_Frelse

Utmerkinger på designdagen 2003

AHO gratulerar sine eigne:

Førsteprisen i den årlige konkurransen "Unge talenter" vart torsdag kveld tildelt designarane av eingongsserviset for Frelsesarmeens matutdeling
"123 Frelse".

I designgruppa finn vi Anders Kjeseth Valdersnes, Catrine Cesilie Medhus, Jonas Esdaile Aabel og Kathinka Bryn Bene som alle går 5. semester på industridesign ved AHO.

Juryen mente prosjektet var ”Ein svært funksjonell og gjennomarbeida løysing med sterk identitet, som reflekterar Frelsesarmeens verdier”

Heiderlig omtale i samme kategori fekk studentane Markus Høy-Petersen, Svein Gunnar Kjøde og Martin Meiholt for sitt unike båtkonsept som utstrålar fart og funksjonalitet, og som har eit internasjonalt salgspotensiale.

Merket for God Design vart tildelt Petter Moshus og Cecilie Lyng for arbeidet med samordninga av NRKs visuelle profil.

Merket for God Design gjekk også til Geir Øxseth og Anne Dreher for Jordan Click Tannbørste, som juryen mente "har eit hygienisk, rent og helheitlig formuttrykk med gode fargekombinasjonar og er moderne utan unødig dekorasjon".

Publisert: 01.04.2003 Oppdatert: 16.04.2010 Av: