Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo har ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar i forskingsadministrasjonen.
AHO har sidan 2007 hatt ein todelt administrasjon. Hovudadministrasjonen omfattar funksjonane økonomi, personal, IT, verkstader, drift og forvalting og er leidd av direktør forvalting. Fagadministrasjonen omfattar funksjonane studieadministrasjon, forskingsadministrasjon og bibliotek og er leidd av fagdirektør. Forskingsadministrasjonen har 4 medarbeidarar og ansvar for å koordinere, planleggje og gi administrativ stønad til skolens forskingsaktivitet og forskarutdanning.
Dei viktigaste oppgåvene som ligg til stillinga er å
- yte administrativ stønad til AHOs eksternfinansierte forskingsprosjekt (både nasjonalt og internasjonalt) frå søknad til avslutta prosjekt,
- bidra til utvikling av administrative rutiner for oppfølging av forskingsprosjekta til AHO,
- kvalitetssikre avtaledokument, budsjett, søknader og rapportar,
- leie og gjennomføre ulike administrative prosjekt (t.d. fagevaluering, ”Rapport og planar”).
AHO søkjer ein person med følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
- mastergrad eller tilsvarande,
- sjølvstende og erfaring med prosjektleiing/koordinering og økonomistyring,
- svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne, minimum på norsk og engelsk, gjerne også innan fleire relevante språk,
- dokumentert innsikt i og evne til å handtere forskingsbyråkratiske system nasjonalt og internasjonalt (EU) og
- dokumentert gode samarbeidsevner.
Stillinga er lønna etter Statens regulativ, kode 1364 Seniorrådgjevar, ltr. 58 - 74 (NOK 446 500 – 602 500). Frå lønna går 2 % til lovfesta innskot i Statens Pensjonskasse. AHO er ei IA-verksemd og har eige bedriftshelseordning.
For AHO er det eit uttalt mål å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn og å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.
For nærare informasjon, kontakt fagdirektør Hilde Haslum, tlf. 22 99 70 86.
Søknad og CV skal sendas AHO på e-post til postmottak@aho.no eller per post til Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Postboks 6768 St. Olavs plass, 0130 Oslo. Merk søknaden "seniorrådgjevar forskingsadministrasjon".
Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO) er ein vitskapeleg høgskole på universitetsnivå og ein ledande, internasjonal arkitektur- og designskole som gjer utdanning innan arkitektur, landskapsarkitektur og industridesign. AHOs kunnskapsfelt har formgjeving som fokus, og arbeider med formgjeving i alle skalaer; gjenstandar, bygningar, by- og landskapsforming. AHO er organisert i fire institutter, og har ca 700 studentar og 120 tilsette.