LOGIN

Økonomi-/rekneskapskonsulent

Søknadsfrist: 3. oktober 2011

Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO) har ledig eit års engasjement som økonomi-/rekneskapkonsulent. Vi søkjer deg med god økonomi- og rekneskapsforståing.

Økonomiavdelinga har bl.a. ansvar for budsjettarbeid, rekneskap og løn. AHO bruker Agresso økonomisystem, Basware til fakturabehandling og lønnssystemet SAP.

Dei viktigaste oppgåvene for stillinga er:

  • Fakturabehandling
  • Behandling av reiserekningar
  • Avstemming av rekneskaps- og balansepostar
  • Diverse lønnsarbeid

For stillinga krevst:

  • Høgare økonomisk utdanning
  • God rekneskapsforståing/-interesse
  • Erfaring frå liknande arbeid
  • God samarbeidsevne
  • Strukturert, pliktoppfyllande og nøyaktig
  • Evne til å arbeide sjølvstendig

Stillinga er lønna etter Statens regulativ, kode 1408 førstekonsulent, ltr. 44-57. Frå løna går 2 % til lovfesta innskot i Statens Pensjonskasse. AHO er ei IA-verksemd og har eige bedriftshelseordning.

For AHO er det eit uttalt mål å oppnå ei balansert samansetting når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn og å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.

For nærare informasjon, kontakt økonomidirektør Heidi Kristensen Holte, tlf. 22 99 71 04 / heidi.holte@adm.aho.no.

Send søknad og CV til postmottak@aho.no eller til Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Postboks 6768 St. Olavs plass, 0130 Oslo innan 3. oktober 2011.

Merk søknaden "økonomi-rekneskapskonsulent".

Publisert: 13.09.2011 Oppdatert: 13.09.2011 Av: