LOGIN

Konsulent/førstekonsulent i forskingsadministrasjonen

(Søknadsfrist 12.02.2009) Forskingsadministrasjon ved AHO er ein del av fagadministrasjonen, leidd av fagdirektør. Stillinga har ansvaret for administrasjon og praktisk drift av forskarskolen og doktorgradsprogrammet, med oppfølging av studieopplegg og dei einskilde kandidatane, opptak av kandidatar, administrasjon av bedømming og disputasar. Stillinga omfattar også sekretærarbeid for forskingsutvalet og programstyret for forskarutdanninga. Forskningskonsulenten må også delta i andre arbeidsoppgåver innanfor fagadministrasjonen.

Stillinga krev utdanning frå universitet eller høgskole på masternivå. Det er ønskjeleg med erfaring frå tilsvarande arbeid ved universitet, høgskolar eller forskingsinstitusjonar. Stillinga kan også vurderast som ei rekrutteringsstilling for oppbygging av forskingsadministrativ kompetanse.

Søkjaren må minimum beherske norsk og engelsk både munnleg og skriftleg. Språkkunnskapar ut over dette vil også ha verdi ved vurdering av søknadene. Det vil dessutan bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som ordenssans, evne til samarbeid, evne til omstilling og serviceinnstilling.

Spørsmål om stillinga kan rettast til fagdirektør Hilde Haslum tlf. 22997000. hilde.haslum@aho.no

Stillinga blir lønt etter Statens regulativ, Kode 1065 Konsulent/1408 Førstekonsulent, ltr. 30-51/36-56, (kr 285 400 - kr 428100). Frå lønna går 2 % lovfesta innskot til Statens Pensjonskasse. For stillinga gjeld vanlege statlege tilsetjingsvilkår. AHO er IA-bedrift og har eiga bedriftshelseordning.

For statlege verksemder er det eit mål å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn, og at det blir lagt til rette for personar med redusert funksjonsevne.

Generell informasjon om AHO finst på www.aho.no

Søknad og CV kan sendast på mail til postmottak@aho.no.  eller per post til Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Postboks 6768 St. Olavs plass, 0130 Oslo.

Merk søknaden: Forskningskonsulent

Søknadsfrist: 12. februar 2009

Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo er eit spesialuniversitet som gir utdanning innan arkitektur og industridesign og gir titlane PHD, Master i arkitektur, Master i industridesign og Master i landskapsarkitektur. I tillegg tilbyr AHO mastergradar i urbanisme, arkitekturvern og IKT-relaterte fag som vidareutdanning. Skolen har eit breitt forskingsmiljø, ca. 600 studentar og 90 tilsette.