Informasjonseininga ved AHO består av 1 stilling i 100 %. Stillinga er organisert i AHO sin administrasjon, og rapporterer direkte til leiinga. Då vår faste medarbeidar skal ut i fødselspermisjon, lysast det nå ut eit 12 månaders vikariat som informasjonskonsulent, med oppstart i månadskiftet april/mai 2011.
Arbeidsoppgåver:
- Webmasteransvar, produksjon av innhald og dagleg oppdatering av nettsida www.aho.no
- Oppfølging av AHOs nettpolitikk og strategi for informasjon og samfunnskontakt
- Utforming av pressemeldinger, brosjyrer, annonser og anna grafisk materiell. Promotering av arrangementer ved AHO, som utstillinger, seminar etc.
- Administrasjon av AHO si deltaking på utdanningsmesser og anna rekrutteringsarbeid
- Oppfølging av AHO sin målbruk og språkpolitikk
- Anna informasjonsarbeid
AHO driftar nettsida www.aho.no, basert på publiseringsløysinga EPIserver. Store delar av arbeidet vil vere knytt til oppdatering og vidareutviklinga av denne.
Til stillinga søkjer AHO ein fleksibel og initiativrik medarbeidar med
- relevant høgare utdanning, gjerne innan web-, kommunikasjons-/informasjonsfag
- erfaring frå vevpublisering, gjerne med kjennskap til HTML/CSS
- god skriftleg formuleringsevne, både norsk og engelsk
- generelt gode IT-kunnskapar, medrekna god kjennskap til bruk av MS Office, Adobe-pakka etc.
- erfaring frå bruk av grafiske program, som Adobe Photoshop, InDesign etc.
Stillinga vert løna som konsulent, kode 1065, eller førstekonsulent, kode 1408, avhengig av kompetanse. For stillinga gjeld vanlege statlege tilsetjingsvilkår. Frå lønna går 2 % lovfesta innskot til Statens Pensjonskasse. AHO har eiga bedriftshelseordning.
For statlege verksemder er det eit mål å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn, og at det blir lagt til rette for personar med redusert funksjonsevne.
Spørsmål kan rettast til rektor Karl Otto Ellefsen (+47) 22 99 70 00/70 01, e-post karl.o.ellefsen@aho.no eller informasjonsrådgjevar Solveig Rødland, tlf 22 99 70 25, e-post solveig.rodland@adm.aho.no
Generell informasjon om AHO finn du på www.aho.no
Merk søknad med relevante vedlegg ”Informasjonskonsulent AHO” og send per e-post til postmottak@aho.no eller per post til Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Postboks 6768 St. Olavsplass, 0130 Oslo.
Søknadsfrist 28.03.2011
Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO) er ein vitskapeleg høgskole på universitetsnivå og ein ledande, internasjonal arkitektur- og designskole som gjer utdanning innen arkitektur, urbanisme, landskapsarkitektur og industridesign. AHO sitt kunnskapsfelt har formgjeving som fokus, og arbeider med formgjeving i alle skalaer; gjenstandar, bygningar, by- og landskapsforming. AHO er organisert i fire institutt, og har ca. 600 studentar og 100 ansatte.