Frå utdelinga av Furorestipendet. Foto:Vegard Fimland
Furorestipend til industridesignstudent
Masterstudent i industridesign ved AHO, Hans Alexander Huseklepp, er ein av dei heldige mottakarane av Furorestipendet 2009.
Stipendet er på 50.000 kr og blir delt ut av Sparebanken Sogn og Fjordane til unge, lovande personar frå regionen. Huseklepp vann kategorien ”Open Klasse”, og juryen grunna blant anna dette med at Huseklepp ”har idear mange andre ikkje har. Han er både målretta og kreativ på same tid og evner å sjå både det estetiske og det forretningsmessige i det han gjer [...] Han har både gründerånd og eit ønske om å gjere det stort. Vi er overtydde om at han kjem til å lukkast”.
Eitt av prosjekta som imponerte juryen mest, er protesekonseptet ”Immaculate”. Prosjektet, laga til kurset Teknoform hausten 2008, har fått mykje nasjonal og internasjonal merksemd, og vann Norske industridesigneres pris for ”Creativity and risktaking” under AHO Works hausten 2008.
Huseklepp er svært overvelda og takksam for stipendet, og tykkjer det er positivt at industridesign er kome meir i fokus, også i distrikta. - Det kjem til å vere eit veldig nyttig springbrett i overgangen frå studie til arbeidsliv, seier han. Han jobbar framleis med Immaculate-prosjektet på si, og har fått oppmerksemd frå ulike aktørar som er interesserte i prosjektet. Per i dag er det ikkje inngått noko samarbeid, men han ser på ulike moglegheiter for vidareutvekling, og håpar at prosjektet blir å finne på marknaden ein dag. - Ettersom ein slik prosess tar tid og inkluderar ekstrakostnadar som reise og omforming, vil Furore-stipendet også her kome godt med, seier han.
Denne hausten jobbar Huseklepp med eit prosjekt om høghastighetstog for Noreg, eit visjonært prosjekt med fokus både på branding og industridesign. - Vi er to studentar som jobbar med dette, og ser på korleis ein framtidig høghastighetsoperatør kan differensiere seg i sektoren, både grafisk, markedsføringsmessig og gjennom industridesign.
Etter jul tar han til på diplomprosjektet, og så ventar arbeidslivet. Med Furorestipendet har Hans-Alexander fått ein god start. AHO gratulerer!
Publisert:
12.10.2009
Oppdatert:
12.10.2009
Av: